21. desember 2018

Ruth er «Årets Årdøl»

I forkant av kommunestyremøtet 20. desember var prisane for Årets Årdøl og Kulturprisen utdelt, og IL Jotun er svært stolte av at Ruth Laberg er utnemnd til «Årets Årdøl» i 2018 for innsatsen ho legg ned for idrettslaget. I begrunninga frå Årdal kommune kan ein lesa følgjande: «Årets årdøl er ei dame […]
22. oktober 2018

Treningstider Årdalshallen høsten 2023

  Når allidrett ikkje bruker hallen, kan andre grupper som ikkje har fast halltid søke om å bruke desse tidene. Alle endringar i treningstid skal meldast til: Gruppekontakt Erlend Haugen, gruppekontakt@iljotun.no med kopi til Therese Lægreid (frank.runar.oren@ardal.kommune.no) Det er viktig at hallen blir utnytta nok på kvar trening – tenk over […]
15. oktober 2018

Ny siger til damelaget!

Ei strålande opphenting i 2. omgang gav til slutt siger for damelaget til Jotun, sluttresultatet vart 4-3 etter at Elin Bjørkum skåra vinnarmålet 3 minuttar før full tid. Fyrsteomgangen starta dårleg, Sandane gjekk opp i leiing etter at toppskårar i divisjonen Marit Mardal kom åleine gjennom og skåra. Elin Bjørkum […]
22. juli 2018

Norway Cup 2018

Om ei veke reiser heile 6 lag frå Jotun til Norway Cup. Laga som reiser er: G13-1 9ar G13-2 9ar G15 11ar G17 11ar J13 9ar J15/16 7ar Kampane startar søndag 29. juli, og turneringa vert avslutta med finalar fredag 3. og laurdag 4. august. Kampane til laga frå Jotun […]
2. februar 2018

Bestilling av buss og bil

Systemet for bestilling av buss og bil er no på plass. Dette betyr at alle får oversikt over når bussane og bilen er ledig, og de kan då bestille bussen via heimesida. Prosedyra er slik: Etter bestilling går det ein e-post til bestillar med bekrefting, samtidig får bussansvarleg ein e-post […]
7. november 2016

Flott innsats i Førde Cup

IL Jotun hadde med 3 lag i Førde Cup innandørs som var arrangert denne helga i Førdehuset. Turneringa vart arrangert for 20. gong, og heile 278 kampar vart avvikla frå fredag til søndag. Laga til Jotun var med i klasse G14 og J16 (2 lag). Etter dei innleiande rundane var […]
22. august 2016

Dommarliste haust 2016

Her er oppdatert dommarliste for haustsesongen. Det er viktig at dommarane vert kontakta i god tid før kampen frå lagleiar/oppmann (seinast 24 timar før kampen). Dersom ein kamp vert flytta så pliktar lagleiar/oppmann å melde dette til dommar og dommaransvarleg. Dommarskjema SKAL fyllast ut umiddelbart etter kampen og leverast økonomiansvarleg. […]
6. april 2016

Grunnkurs i DHLR i klubbhuset

22 deltakarar frå ulike grupper i IL Jotun gjennomførde i kveld grunnkurs i DHLR. DHLR er forkortinga for Hjerte-lungeredning med hjertestartar. Kurset er todelt, fyrst må deltakarane gjennom eit e-læringskurs og deretter er det praktisk kurs med dokker og hjertestartar. Prosjektet med DHLR starta med at Sparebank 1 gav fotballgruppa […]