30. desember 2016

Godt Nyttår !

Takk for det gode idrettsarbeidet som er gjort i 2016.  Me gler oss til å ta fatt på store og små idrettsgleder i 2017. Godt Nyttår alle !
7. januar 2017

Oppstart basistrening i Jotun på tvers av grupper-/ og alder.

Gratis prøveordning ! ( MÅ vera medlem i Jotun) Kvar fredag frå og med 13. januar  i tida 17 – 18.30 vil det bli høve til å delta på basistrening i Årdalshallen. Det vert felles opplegg på tvers av alder og grupper. Lars Kristian Fauske ( fysioterapeut i Årdal Kommune) […]
19. januar 2017

Motivasjonsforedrag for dommarar

Torsdag 2. februar 18:00 er me so heldige å få besøk av Tommy Skjerven, den mestdømmande dommaren i Tippeligaen. Tommy skal halde eit motivasjonsinnlegg om kor kjekt det er å vera dommar, og kor mykje ein kan oppleva om ein vel å satsa på fotballdømming. Mellom anna vert det informasjon […]
19. januar 2017

Vellukka oppstart basistrening

Sist fredag, 13 januar var fyrste dag i basistreninga til IL Jotun. Det møtte tilsaman 25 store og små.  Instruktør Lars Kristian starta litt med å fortelje kva basistrening er  og kvifor ein skal trene basis. Dette gir eit godt grunnlag for alle idrettar og etter at Olympiatoppen vart etablert […]
19. januar 2017

Handballspenning i Årdalshallen søndag

Søndag er det duka for toppkamp i Årdalshallen.  Jotun/Åtil laget som ikkje har tapt ein einaste kamp skal møte tabelltopp Sogndal. Kaffi og noko godt å bita i har den flinke dugnadsgjengen i kioskgruppa ordna med.  Ta med heile familien på kamp og bli med å lage ei fin ramme […]
30. januar 2017

KM-kvalik Futsal – Dugnadsliste

Helga 4.-5. februar er det klart for KM-kvalifisering i Futsal i Årdalshallen. Ansvarlege for arrangementet er Småjente- og smågutelaga. Dette er ein god inntektskjelde for oss og me er avhengige av «fulle lag» 🙂 Fint om de gjev beskjed om de finn avløysarar! Kontaktpersonar er oppmann for småjente Per Gullaksen (913 […]
2. februar 2017

KM-kvalik Futsal 4.-5. februar

Til helga er det klart for KM-kvalifisering i Futsal. Jotun er ein av arrangørane, og me vonar Årdalshallen vert fylt til randen laurdag og søndag! Det vert spelt kampar i klassane 13-16 år for både gutar og jenter. Nedst i denne artikkelen finn de kampoppsettet. Resultata vert oppdatert fortløpande, og dei […]
3. februar 2017

Årsmøte i Jotun 8. mars 2017

Vedlagt ligg oversikt over datoane til gruppeårsmøta i IL Jotun, samt årsmøte i laget den 8. mars 2017. Arsmote_Jotun_2017