30. april 2016

Fotballtrening for J2010

Til informasjon:  Som dei fleste veit er knøttefotballen i full gang og har fått treningstider på torsdagar kl.16.00-17.30. J2010 har ikkje starta opp med trening enno, men me ønskjer at alle tek turen fram på bana for å få igang treningar. Håpar dei føresatte tek eit tak for å få […]
3. mai 2016

Politiattest i Jotun

Norges idrettsforbund jobbar kontinuerleg med at idretten skal opplevast som ein trygg og god stad å være for born, ungdom og personer med utviklingshemming. Som ein viktig del av dette arbeidet har idrettsstyret vedteke at alle, med eit verv i norsk idrett som innebær nær kontakt med og/eller et tillitsforhold […]
6. mai 2016

Løveleikane 2016

Invitasjon-Løveleikane-2016Lions Club Sogndal og Trimgruppa-SIL inviterer til Løveleikane i Sogndal den 28. mai 2016 på Kvåle stadion. Dette er ein aktivitetsdag for deltakarar med utviklingshemming. Sjå vedlagt invitasjon.invitasjon-Løveleikane-2016  
9. mai 2016

Rekrutteringsdommarkurs fotball

Fredag 13. og laurdag 14. mai vert det rekrutteringsdommarkurs i fotball i klubbhuset til IL Jotun. Kurset startar 17:00 på fredag ettermiddag. Kurset er for dei som ønskjer å dømme ellevarfotball. Målet med kurset er å gje kunnskap i spelereglane for ellevarfotball. Kursmateriell vert utdelt på kurset, og kursleiar er Inge Seglem. For påmelding og […]
9. mai 2016

Målfest for jentelaget

IL Jotun sitt J15/16 lag spela i kveld sin 3dje seriekamp for sesongen, og motstandar i kveld var Sandane. Heilt frå avspark tok Jotun initiativet, og alt etter 5 minuttar stod det 1-0. Ein kårner vart ekspedert kontant i mål av Sara Brandsdal. Heimelaget fortsette å presse på, og etter […]
11. mai 2016

Hege på årets lag!

Kvart år stemmer spelarane i Grundigligaen fram årets lag, og me er svært stolte av at den tidlegare Jotunspelaren Hege Bakken Wahlquist er stemt fram som «Årets venstre kantspiller» i denne kåringa. Hege har hatt ein svært god sesong, og havna til slutt på 9. plass på toppskårarlista i ligaen. […]
15. juni 2016

Resultat vårstemne friidrett

Fredag 10. juni var det vårstemne i friidrett på Jotun stadion. Her er resultatlistene: Vårstemne 2016 resultatliste lengde, liten ball og 60 meter Vårstemne 2016 resultatliste 600 meter og kule
23. juni 2016

Dugnadslister Målrock

Her finn de dugnadslistene til Målrock 2016. Koordinator for IL Jotun: Fotballgruppa v/ Geir Roar Vee (41249190) og Ivar Otto Øren (95195068) Følgjande retningslinjer gjeld og i år: ALLE som står oppført på denne lista MÅ skaffe erstattar viss ein ikkje kan stille sjølv. Koordinator SKAL ha melding om ALLE endringar.