3. juli 2016

Treningsavgift 2016

Alle born og unge som deltek i aktivitet i regi av IL Jotun skal betale treningsavgift. I tillegg til å gje rett til å delta, så dekkar og treningsavgifta forsikringar dersom ein vert skada. Etter mandat frå årsmøtet har hovudstyret i IL Jotun vedteke treningsavgifta for idrettslaget tom det året […]
9. august 2016

Politiattest og Min Idrett

I dag ( 09.08.16) frå kl 18.00 vil eg sitja i klubbhuset dersom nokon treng hjelp med Min Idrett eller søknad om politiattest. Minner om at ALLE trenarar, oppmenn (kvinner) og anna støtteapparat i Jotun er pliktige å visa fram gyldig politiattest. Skal ikkje vera eldre enn 5 år.  Dersom nokon har […]
22. august 2016

Knøtteturnering søndag 28.8. 2016 (med oppdatert kampoppsett!)

IL Jotun ønskjer alle miniputt-lag i ÅTIL, Lærdal og Aurland velkommen til Kongleriket Miniputtturnering på Jotun Stadion (kunstgras), 28.august. Turneringsstart vil være kl. 11:00 og premieutdeling ca 15:15. Påmelding er no klar og kampoppsettet vil sendast til klubbane og publiserast her så fort det er klart. Under turneringa vil det vil […]
7. september 2016

Kurs i redigering heimesida

  Onsdag 7/9 hadde ILJotun kurs i editering av heimesida vår. 12 ivrige og engasjerte pesonar deltok og fekk opplæring i editering av heimesida og legge ut saker. Dette vil nok brukara av heimesida vår merke i tiden framover. Kursinstruktør Kai Wigum var godt nøgd med gjennomføringen av kurset.  
7. september 2016

Innsamlingsaksjon til Røde Kors

Årets TV-aksjon går av stabelen søndag 23.oktober. Dette er verdas største dugnad, og i år går pengane til Røde Kors som skal bruke midlane til å redde liv og gi omfattande helsehjelp til nokre av dei mest sårbare i verda – menneske som er ramma av krig og konflikt, seier […]
7. september 2016

Solid treningsgruppa i handball senior.

Etter AU møtet i Jotun i kveld, er det gledeleg å melde at det vert senior handball i Årdalshallen denne sesongen også.  Pr i dag er dei ei treningsgruppe på ca 20 personar.  Fyrste kamp er heimekamp i Årdalshallen den 24.09.  Etter at klubben gjekk  ut i Porten.no tidlegare denne […]
10. september 2016

Flott sesongstart for J14

Jenter 14 sesongdebuterte i Årdalshallen i dag, og for ein start dei fekk! Fyrste kampen mot Florø 2 vann dei 17-13, og dei hadde mange flotte skoringar frå ulike posisjonar på bana. Trenar Harald Husabø og oppkvinne Ellen Veum har all grunn til å vera nøgde med jentene. I den […]
13. september 2016

Spelarmøte handball senior

Handball senior hadde sitt fyrste spelarmøte med AU i kveld. Etter ei god handballøkt i hallen i kveld, møttest spelarar, trenar og AU i klubbhuset til fyrste spelarmøte denne sesongen. Forutan Siv Bakken og Tove Aspesete, kan vel ikkje resten av AU skryte på seg for høg handballkompetanse, seier leiar i […]