29. mars 2017

Nytt styre på plass i handballen.

Det er no på det reine at handballen endeleg har fått på plass nytt styre. Det vart før årsmøtet i fjor bestemt at handball aldersbestemt og handball senior skal ha eitt styre, men med delt økonomi. Det nye styret hadde sitt fyrste styremøte tysdag 28.03. Det nye styret ser slik […]
6. april 2017

Uttak til Enivestserien

Sogn og Fjordane Fotballkrets har teke ut troppane til Enivestserien komande sesong. Dette er andre trinn i spelarutviklingsmodellen i krets og ein del av Landslagsskulen. Serien står av sonelag (13-åringar) frå Sunnfjord, Nordfjord og Sogn, der spelarar er nominerte og uttekne av kretsansvarleg på grunnlag av prestasjonar på Enivest Fotballskular. Jotun Fotball er […]
24. april 2017

Dugnadsliste Knøtteturnering 30.4.2017

Søndag 30. april er det klart for knøtteturnering i Øvre! Sjå dugnadsliste tilknytta denne artikkelen. De er sjølve ansvarlege for å finne nokon til å stille om de ikkje har høve. Kontakt Stig Laberg Øvstetun om de har spørsmål om arrangementet. Klikk her for dugnadslista
1. mai 2017

Allidrett/Friidrettstemne fredag 5.mai

Fredag 5.mai kl.17 til kl.19 er det Allidrett/friidrettstemne for 1.-4.klasse. Oppmøte Jotun Stadion ved Årdal FK speakarbu/klubbhus. Øvingar er 60 meter, lengde og liten ball. Premiar til alle. Sal av saft, kaffi og kaker.
5. mai 2017

Glade ungar, sol og flott avslutning!

Slik tradisjonen har vore i mange år, er det Jotun si friidrettsgruppa som markerer avslutninga for allidrett på vårsesongen. I ettermiddag var allidrett frå 1-4 klasse samla på Jotun stadion, for å teste ut lengde, 60 m og liten ball. Yngre syskjen fekk også prøva seg om dei hadde lyst.  […]
6. mai 2017

Vårfest på Torget 13 mai!

På førespurnad frå Årdalsenteret har G12 laget til IL Jotun med Sven Asbjørn Nundal i spissen, teke på seg grilling og aktivitetar på Torget laurdag 13 mai. Nytt høve denne dagen til å støtte fotballen med å handle grillmat. Det ryktast at det og er muleg å kjøpe kaffi. Dei tenner […]
6. mai 2017

Obs! Obs! Skadar og medlemsskap !

Ein liten obs historie frå idrettslaget : Elisa Nesse var uheldig å skade kneet sitt under kamp for Jotun.  Mamma Unni skriv følgande til meg: Elisa Nesse 190305 skada kneet sitt under fotballkamp for Jenter 12 mot Aurland, i Aurland 20.04.2017. Ho har ein hevelse i kneet som ikkje går ned […]
10. mai 2017

Fantastisk aktivitet i IL Jotun!

  IL Jotun vil gjennom heimesida syne aktivitetsnivået som rører seg  i idrettslaget. Me er svært stolte over at 9 særgrupper er høgst oppegåande og med god aktivitet. Fyrst ute er ein liten presentasjon av friidrettsgruppa: Friidrettsgruppa har dobla medlemane sine dette året.  Leiar i gruppa Per Inge Bale, trur det har […]