16. august 2013

Klart for haustsesong

Sommarferien er over, og det er no klart for ein spanande haustsesong for laga frå Jotun. Ferien vert avslutta med Faabergturneringen denne helga, der Jotun har med heile 7 lag. 6. divisjon herrer leiar serien etter vårsesongen, og slik det ser ut no så er det Hafslo som vert sterkaste konkurrenten […]
16. august 2013

God start på Fåberg!

3 lag var i elden i kveld, det enda med 2 sigrar og ein uavgjort. G11 vann sin kamp 2-0, G13/14 vann 5-0 og J12 spela uavgjort 1-1.
17. august 2013

Ny fin dag på Fåberg

Småjentelaget er klare for kvartfinale etter å ha vunne alle sine kampar. Småguttelaget rauk ut med 3-2 i sin sluttspelskamp. Dei andre laga har ikkje sluttspel, og her er alle kampane Jotun har vore med på i dag: Klasse E – Lillegutt født 2002  E – Pulje 3 IL Jotun […]
3. september 2013

Mange kampar i dag

Det ligg an til ein hektisk og flott fotballkveld på Jotun Stadion, heile 3 kampar skal avviklast i kveld. 17:45 Jotun-Bjørn J13/14 (grasbana) 18:00 Jotun-Sogndal G13/14 (kunstgras) 19:15 Jotun-Balestrand 2 (6. divisjon) Det er servering og underhaldningsgaranti på alle kampane. Møt opp og støtt dei raude og grøne!
30. september 2013

Gratulerer med opprykk!

IL Jotun fotball vil gratulere Årdal FK med opprykk til 4. divisjon! Dette betyr at fotballtilbodet i Årdal i 2014 vil nå nye høgder. Vår kjekke ungdom vil då ha tilbod om spel i 3. divisjon og 4. divisjon med Årdal FK, samt 5. divisjon med IL Jotun. Dette gjev […]
26. januar 2014

Invitasjon til klubbdommarkurs – endring

Il Jotun Fotball inviterar alle interesserte over 12 år (fødde 2001 eller eldre) til klubbdommarkurs i IL Jotun sitt klubbhus torsdag 30. januar frå kl. 18:00. Dette kurset passar for alle, uansett om du har spelt fotball eller ikkje. Me skal mellom anna gå igjennom spelereglar for barnefotballen, fair play […]
28. januar 2014

Fotballkveld i klubbhuset

Jotun Fotball inviterer til fotball kveld i klubbhuset onsdag 29. januar kl.20:00 saman med Garry Brooke og Mark Falco. Me håpar at både gutar og jenter tek turen til Jotunhuset denne kvelden. Det vert servert pizza og brus, eigenandelen er kr.100. Kampen mellom Tottenham Hotspur og Manchester City vertdenne kvelden […]
30. januar 2014

Full rulle!

Denne helga vert det arrangert KM-kvalifisering for jenter og gutar i Årdalshallen. Kampane er fordelt over 3 dagar, med oppstart fredag 17:00. Slik er det fordelt ut over helga: Fredag: J13 Laurdag: G13, J14, G14 Søndag: G15, J15, G16, J16 Heile oppsettet finn du her: http://km.jotun-fotball.no/ Det er salg av […]