22. april 2013

Satsar eigenandel 2013

Styret har vedteke følgjande satsar for sesongen 2013: Privat bil lokalt sørsida av fjorden Dugnad Buss lokalt sørsida av fjorden kr 100,- Bil over fjorden kr 100,- Buss over fjorden kr 100,- Bil etter fjærlandsbommen kr 150,- Buss etter fjærlandsbommen kr 150,-
25. april 2013

Kampprogram knøtteturnering

Då er alt klart til årets fyrste knøtteturnering, den går av stabelen på Jotun Stadion krøllgras fyrstkomande søndag. Kampane startar kl. 11:00, og varar til premieutdelingen 14:45 Ungane som spelar turneringen er fødde frå 2003-2007. Her er det mykje god underhaldning, møt opp og lag litt liv og røre på […]
28. april 2013

Knøtteturnering 2013 Jotun Stadion

Årets fyrste knøtteturnering er gjennomført, her er nokre bilete. Om de har bilete som høver seg, so kan desse sendast til redaksjon@jotun-fotball.no Klikk på bileta for å få fram neste, eller vent 5 sekundar so kjem det automatisk 🙂 [slideshow id=7]
29. april 2013

Seriestart i 6. divisjon

Jotun sitt seniorlag i 6. divisjon serieopnar tysdag heime mot Balestrand 2. Det unge laget har hatt ein god treningsvinter, og ser lyst på den komande sesongen. Laget består i hovudsak av spelarar frå 16-19 år, og er frå Øvre Årdal, Årdalstangen og Lærdal. Trenarar for laget er Johann Traustason […]
30. april 2013

Poengdeling i serieopninga

Jotun sitt lag i 6. divisjon serieopna heime mot Balestrand 2 i kveld. Kampen enda 1-1 etter full tid, pauseresultatet var 0-0. Jotun dominerte kampen heilt til Bartek Cal fekk sitt 2. gule kort og måtte forlata bana. Målskårar for Jotun var spelande trenar Johann Traustason. Det var Jotun som […]
5. mai 2013

Knøtteturnering flytta til 2.juni

Knøtteturneringen 9. juni er flytta til søndag 2. juni grunna Fjord til Fjell festival helga 7.- 9.juni. Arrangør av turneringa er Aurland IL.
14. mai 2013

Ny siger og tabelltopp

6. divisjonslaget vann med solide 4-1 mot Sogndal 4 på Jotun stadion i kveld. Dei grøne og raude hadde full kontroll på kampen, og sigeren burde vore større. Jotun tok leiinga ved Kim Hjønnevåg, før Sogndal utlikna på eit vådeskot. Like før pause gjekk Jotun på ny i leiing, denne […]
15. mai 2013

Fotballforsikring

Alle spelarar er forsikra gjennom ein lagsforsikring som IL Jotun fotball er pliktig til å ha. Ut over dette så kan kva enkelt spelar teikne ein utvida forsikring. NFF har no sendt ut eit nyheitsbrev med informasjon om dette. Meir informasjon finn de her ang. prisar og utvida forsikring. Alle trenarar […]