21. desember 2016

Medlemskort og treningsavgift IL Jotun

2016 er snart til vegs ende og IL Jotun skal gjera opp status  i forhold til medlemsinntekter og betalt treningsavgift. Treningsavgifta vert betalt inn til hovedlaget og skal ved årsslutt fordelast ut att på gruppene utifrå den aktiviteten som er i gruppene.  Gjennom året har gruppene betydelege utgifter til hall-/baneleige, […]
21. desember 2016

Minneord Olav Midtun

IL Jotun vil med desse minneorda takke Olav for den innsatsen han la ned for laget gjennom eit langt liv. Olav har vore ein engasjert og aktiv støttespelar i ein mannsalder. Han har teke på seg mange oppgåver i laget og vore ein viktig bidragsytar i driften og utviklinga av laget. […]
24. desember 2016

God Jul og Godt Nyttår !

2016 er ved vegs ende. Enno eit år er gått inn i historia til IL Jotun. Born/ungdomar, trenarar, foreldre, og alle tillitsvalde har teke velfortent fri. Året som har gått har vore eit aktivt år for Jotun. Alle gruppene har hatt stor aktivitet og det er gledeleg å sjå at «smågruppene» […]
30. desember 2016

Godt Nyttår !

Takk for det gode idrettsarbeidet som er gjort i 2016.  Me gler oss til å ta fatt på store og små idrettsgleder i 2017. Godt Nyttår alle !
7. januar 2017

Oppstart basistrening i Jotun på tvers av grupper-/ og alder.

Gratis prøveordning ! ( MÅ vera medlem i Jotun) Kvar fredag frå og med 13. januar  i tida 17 – 18.30 vil det bli høve til å delta på basistrening i Årdalshallen. Det vert felles opplegg på tvers av alder og grupper. Lars Kristian Fauske ( fysioterapeut i Årdal Kommune) […]
19. januar 2017

Motivasjonsforedrag for dommarar

Torsdag 2. februar 18:00 er me so heldige å få besøk av Tommy Skjerven, den mestdømmande dommaren i Tippeligaen. Tommy skal halde eit motivasjonsinnlegg om kor kjekt det er å vera dommar, og kor mykje ein kan oppleva om ein vel å satsa på fotballdømming. Mellom anna vert det informasjon […]
19. januar 2017

Vellukka oppstart basistrening

Sist fredag, 13 januar var fyrste dag i basistreninga til IL Jotun. Det møtte tilsaman 25 store og små.  Instruktør Lars Kristian starta litt med å fortelje kva basistrening er  og kvifor ein skal trene basis. Dette gir eit godt grunnlag for alle idrettar og etter at Olympiatoppen vart etablert […]
19. januar 2017

Handballspenning i Årdalshallen søndag

Søndag er det duka for toppkamp i Årdalshallen.  Jotun/Åtil laget som ikkje har tapt ein einaste kamp skal møte tabelltopp Sogndal. Kaffi og noko godt å bita i har den flinke dugnadsgjengen i kioskgruppa ordna med.  Ta med heile familien på kamp og bli med å lage ei fin ramme […]