12. januar 2018

Velkommen på symjetrening !

Da er det stadfesta at bassenget i Årdalshallen opnar att fredag. Symjegruppa startar dermed oppatt med trening måndag 15.jan. Me har følgjande treningstilbod: Måndag 16.30-17.30 (rekrutt 5.-6.klasse) Måndag 17.30-18.30 (7./8.klasse og eldre) Tysdag 19.45-20.45 (7./8.klasse og eldre)… Torsdag 16.00-17.00 (7./8.klasse og eldre) Ynskjer alle velkomne på trening😊.
29. januar 2018

KM-kvallik jenter og gutar 13-16 år, Årdalshallen.

Dei siste åra har Jotun vore ein av vertane for KM kvallik for aldersbestemte lag i fylket. Til helga, 3 og 4 februar brakar det på nytt laus med fotball i Årdalshallen. Laurdag 10-18 Søndag: 10-19.15 Foreldre har som tidlegare, diska opp med mykje godt i kiosken. Salg av mat, kaffi, saft […]
2. februar 2018

Årsmøter 2017

28. februar 2018

Årsmøte i IL Jotun for 2017, onsdag 7 mars kl 19.00

IL Jotun kallar inn til Årsmøte i laget onsdag 7. mars 2018 kl 19:00 i klubbhuset. I tillegg til dei vanlege årsmøtepunkta vert og innkomne saker handsama på årsmøtet. Inkomne saker ligg under punkt 5.1, desse er og vedlag i denne innkallinga. Velkomne til årsmøtet! Sakliste: Godkjenning av innkalling Konstituering – val […]
8. mars 2018

Historisk for turngruppa til Jotun!!

For fyrste gang i historien stiller IL Jotun med ein tropp i NM kvallik, troppsgymnastikk. Turngruppa og sjølvsagt IL Jotun er umåteleg stolte over å få dette til. Konkurransen vert halden i Arendal. Så den tøffe troppen har ein lang tur framfor seg før konkurranse. Etter å ha gjort det veldig […]
26. mars 2018

Minneord Arne Eldegard

Eg vil med desse ord på vegne av idrettslaget Jotun takka Arne for innsatsen gjennom eit langt idrettsliv. Arne har vore ein engasjert og aktiv støttespelar for idrettslaget gjennom ein mannsalder. Han har teke på seg mange oppgåver i idrettslaget og vore ein viktig bidragsytar i drifta og utviklinga av […]
4. mai 2018

Damelaget møter Høyang kl 19.00

Damelaget til Jotun møter i ettermiddag (fredag 04.05) Høyang til kamp på krøllgraset. Damene har so langt ein siger og eit tap. Dei håpar sjølvsagt på godt oppmøte på kampen i ettermiddag.  Kaffi og heimebakst er å få kjøpt i kiosken. Vel møtt til kamp kl 19.00 i kveld !!
5. mai 2018

Fyrste kongleriketurnering i Lærdal.

Søndag 6 mai 2018 vert den fyrste Kongleriketurneringa for sesongen  arrangert. Lærdal er arrangør og turneringa vert blesen i gang kl 11.00. Nokon av Jotungane går i gang med siste sesong på knøtt. Men ekstra spennande er det for dei som skal ha sin fyrste turnering.I  2012 kullet for Jotun stiller […]