6. mai 2017

Obs! Obs! Skadar og medlemsskap !

Ein liten obs historie frå idrettslaget : Elisa Nesse var uheldig å skade kneet sitt under kamp for Jotun.  Mamma Unni skriv følgande til meg: Elisa Nesse 190305 skada kneet sitt under fotballkamp for Jenter 12 mot Aurland, i Aurland 20.04.2017. Ho har ein hevelse i kneet som ikkje går ned […]
23. juni 2017

Flott stemne i utebassenget !

  L Jotun Symjegruppa arrangerte 17 juni 2017 klubbstemne i utebassenget i Øvre Årdal. Det vart eit flott stemne med gode resultat, sjølv om deltakinga ikkje vart så stor. Mange hadde reist på ferie, men dei som var med gjorde ein kjempeinnsats!! Sjølv vêrgudane var med oss, og det låg […]
21. september 2017

Oppstart symjetrening

Fyrstkomande mandag startar me oppatt symjetrening . Treningstidene vert slik: Mandag 16:30 – 18:00  For 5-6 klasse . Dersom nokon av dei eldre symjarane har lyst på ei ekstra treningsøkt, lagar me til ei bane til dykk frå kl 17.00 Tysdag: 19:45 – 20:45  For 7 klasse og eldre Torsdag: […]
19. november 2017

Super innsats ! Hauststemne på Eid.

Denne helga (18-19 november ) har Eid symjeklubb arrangert hauststemne. IL Jotun reiste med ein tropp på 8.  Pga ein del kolliderande aktivitetar vart vi ikkje så mange som me håpa på.  Den flotte gjengen som reiste gjorde ein formidabel innsats.  Det vart personlege rekordar i fleng. Ekstra kjekt er […]
27. november 2017

KM på heimebane – ei flott oppleving !

Da har alle, både dei flinke utøvarane våre , fantastiske trenarar, fantastiske foreldre og fantastiske KM komitè landa etter helga. Etter lang førebuing både av gymnastar og dugnadsgjeng, er me overlykkelege når  me no set oss ned og oppsummerer helga. Heile 10  medaljar vart att i Jotun: Gull: Jotun 1  Tumbling […]
30. november 2017

Arne Eldegard fyller 100 år !

IL Jotun vil gratulera æresmedlem Arne Eldegard som fyller 100 år 30 november. Arne er æresmedlem i Jotun, noko han fekk for sin lange og flotte innsats for laget Litt av det Arne har teke på seg for Jotun er å vere leiar, noko han var 1951 og perioden 1953-1956 […]
7. desember 2017

Trenarforum med «noko attåt» !

Onsdag kveld inviterte leiar i fotballgruppa Henrik Rønningen og sportsleg leiar Stine Wigum til trenarforum.  Klubbhuset til Jotun er pynta til Jul og med god mat servert frå Årdal Catering  AS låg det an til ein fin kveld. Nokon av trenarane var forhindra frå å delta men i alt 24 […]
7. desember 2017

Kurs i KlubbAdmin, Lærdal 6.desember

Det er mykje som skjer i Jotun om dagen ! Onsdag inviterte Idrettskretsen ved økonomileiar Erling Benjaminsen  idrettslaga i Årdal, Lærdal og Aurland til kurs i medlemssystemet Klubb Admin. Idrettsforbundet har vedteke Klubbadmin som sitt medlemssystem. Og frå 01.01.2016 var alle klubbar pliktige til å ha medlemsoversikta i godkjent elektronisk medlemsregister. […]