8. november 2019

Draumetrenaren – det neste steget 2019.

Kvart år arranger Sogn og Fjordane fotballkrets » Drømmetreneren»  Her er det høve for trenarar i dei ulike klubbane og søke om å vera med. Jotun fotball lyste ut til sine trenarar og oppmoda dei til søknad. I år var det kun Stig Laberg Øvstetun av Jotun trenarane som søkte. […]
11. november 2019

Einar Sæbø til minne

Det var med stor sorg IL Jotun mottok meldinga om at Einar Sæbø hadde somna stille inn etter ei tid med sjukdom.  Einar var ein av dei mest allsidige idrettsutøvarane me hadde i Jotun. Som mange andre i Jotun var han aktiv i fleire grupper. Men det var langrenn og […]
30. desember 2019

Godt nyttår !

IL Jotun ynskjer å takka for innsatsen til alle våre frivillige.  Arbeidet de legg ned sørger for at Jotun har hatt eit godt år med stor aktivitet på alle frontar. Denne innsatsen er viktig slik at me kan gi alle  utøvarar eit godt tilbud anten dei vil satse på eit […]
2. januar 2020

Spennande samarbeid med Sogndal for fotballjentene.

Geir Frode Rudi har vore trenar i Jotun fotball i mange år. Siste åra har han gjort ein svært god jobb med jentene i kulla 2005 og 2006. Pokalane på bildet er det desse jentene som har henta heim. To pokalar og vandrepokal frå Fåberg, samt avdelingsvinnar i sesongen 2019. […]
6. januar 2020

Møt Stig Inge Bjørnebye, tidlegare Liverpool spelar.

Tidlegare Liverpool spelar Stig Inge Bjørnebye vert å treffa i Jotun sitt klubbhus torsdag 23.01.20. I forbindelse med Veterancup påfølgande helg vil han ta turen til Årdal og klubbhuset til Jotun og snakke om hans veg frå Barnefotball til fotball på seniornivå og hans opphald i Liverpool. Trenarar, foreldre og […]
7. januar 2020

Open symjehall laurdag 11. januar ( 10 år og eldre)

Laurdag 11. januar kan du koma i Årdalshallen mellom 14-16.  I samarbeid med Årdal Kommune er det gratis inngang til dette. Sjå vedlegg frå symjegruppa. Vel møtt !! Open dag: OPE BASSENG
11. januar 2020

Symjesamling i Årdal

Denne helga er symjarar frå heile  «Sogn og Fjordane» samla i Årdalshallen på treningssamling. Den ikkje ukjende Sander Smørdal er hovedinstruktør. Han jobbar til dagleg som sportsjournalist iTV2, men har ei lang symjekarriere i ryggen. Smørdal er frå Nordfjordeid og kan blant anna skilte med 6 senior NM gull. Han […]
24. januar 2020

Minneord Jo Ragnar Sønstlien

Det var med stor sorg me mottok melding om at ein av våre viktige støttespelarar og tidlegare tillitsvald har gått bort. Jo Ragnar har vore oppteken av idretten i alle år og var tidleg med i handballmiljøet i Årdal. Først som habil handballkeeper og seinare som handballdommar. Han tok og […]