15. august 2018
G15 mot Gjøa i NC 2018. Foto: Tøger Rønningen

Haustsesongen i gong

Det nærmar seg skulestart og då kjem og haustsesongen i fotballgruppa i gong att for fullt. Allereie i kveld, onsdag 15.8. spelar gutelaget sin fyrste kamp for hausten, mot Førde kl 19:00. Møt opp og støtt gutane! Neste veke er det mange bortekamper, og me har dessverre ein utfordring i […]
27. august 2018

3.runde Enivestserien, Eid

Denne helga var det 3.runde Enivestserie i Nordfjordeid. Heile sju spelarar frå Jotun G13 var plukka ut til å delta. Enivestserien er 2.trinn i spelarutviklingsmodellen i krets og ein del av Landslagsskulen. Serien består av sonelag ( 13 åringar) frå Sunnfjord, Nordfjord og Sogn, der spelarar er nominerte og utteken […]
29. august 2018

Guttekamp på stadion i kveld 28.08

Gutelaget til Jotun møtte i kveld Sogndal til kamp på krøllgraset. Det var Sogndal som sette ballen i mål fyrst og leia 1-0 til pause. I 2. omgang auka dei til 2-0, men trenar Kai Wigum kunne melda om ei flott opphenting frå gutane då dei fyrst reduserte og deretter […]
3. september 2018

Nasjonal Eliteturnering for G13 og G15

7.-9.sept er det Nasjonal Eliteturnering for G13 i Haugesund og G15 i Drammen. Heile fem Jotunspelarar er plukka ut til å delta for Team Sogndal.   G13 troppen Sondre Nor Midthjell Iver Systad Kevin Hoddevik Lidvin Hestetun, IL Jotun Aleksander Nundal, IL Jotun Aksel Gåsvær Sander Kilen, IL Jotun Marius […]
12. september 2018

3.plass til G15 og G13 på Nasjonal Eliteturnering

I helga var Team Sogndal G15 og G13 på Eliteturnering. IL Jotun hadde med heile 5 spelarar og begge laga spelte seg fram til ein imponerande 3.plass. I Drammen sikra Leander Øy (G15) 3.plassen med å redde 2 straffar, før han satte inn den avgjerande straffen sjølv i straffekonkurransen mot Strømsgodset. […]
17. september 2018

Kongleriket 23.9.18 – DUGNADSLISTE

Dugnadslista er sendt til alle oppmenn, men legg ved ein kopi her og. Velkommen til ein aktiv og morosam dag på Jotun Stadion (krøllgress) den 23.9.  
15. oktober 2018

Ny siger til damelaget!

Ei strålande opphenting i 2. omgang gav til slutt siger for damelaget til Jotun, sluttresultatet vart 4-3 etter at Elin Bjørkum skåra vinnarmålet 3 minuttar før full tid. Fyrsteomgangen starta dårleg, Sandane gjekk opp i leiing etter at toppskårar i divisjonen Marit Mardal kom åleine gjennom og skåra. Elin Bjørkum […]
11. desember 2018

Futsal i Årdalshallen 16.12.18

Søndag 16.12. er det klart for vinterens 2. futsalturnering, denne gong i Årdalshallen. Fyrste kamp startar kl 9:00 og me held på heilt til kl 20:00! Spelarane som deltek er frå 10-14 år, og me har dommarar frå 13-18 år. Dermed er hallen full av sprek ungdom og med god […]