21. mars 2022

Prosjekt jenter på feltet !

Vårens vakraste eventyr står for døra. Endeleg, etter to år med pandemi, lite treningar og aktivitet er me klare til å koma i gang att. «jenter på feltet» er eit prosjekt me starta å jobbe med for to år sidan. Me fekk støtte til prosjektet frå sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. […]
10. mai 2022

Ei gladsak frå barnefotballen i Jotun fotball !

Jenter 9 hadde sin fyrste seriekamp i går. Mykje skal leggast til rette og passast på for at alle både heimelag, bortelag og støtteapparat skal få gode opplevingar. Trass tap, var trenarane på Jotun laget Veronica Hellebø og Kristiane Seim svært nøgde med kampen. Dette skuldast blant anna god dialog […]
21. juni 2022

….når plutseleg internett er vekke !!

Det erfarte Jotun fotball sist fredag når me dreiv og rigga til bassengkiosken for dugnad i fotballgruppa. Det nye kassesystemet med Ipad og Izettle er avhengig av nett for å fungere. Kva gjer me da ? Da ringer me sjølvsagt til Årdalsnett. Kristian Heggestad heiv seg rundt og sjekka, og […]
22. juni 2022

Sommarferie og fotballskule !

  Fotballskule høyrer sommaren til. Takka vera initiativtakar Bjørn Vidar Nundal og 4 kjekke ungdomar kunne Jotun fotball stelle i stand fotballskule dei tre fyrste dagane i sommarferien. Godt over 30 born melde seg på i alderen 8-11 år. Det var oppstart kvar dag kl 10. Fyrste økt held på […]
29. august 2022

Ingeborg Hjelle, utnemnt til eldsjel i Norges Svømmeforbund

Eldjsel : Denne helga 25-28 august har det vore leiar og trenarkonferanse i Norges Symjeforbund. Noko av høgdepunktet ved denne årlege konferansen er utnemninga av årets eldsjel i symjeforbundet. Ingeborg Hjelle var nominert av klubben sin for den fantastiske innsatsen ho gjer og har gjort. Les nomieringa her: Eldsjel Norges […]
24. september 2022

Salg av fyrstehjelps kit i Jotun fotball

I desse dagar vil de sjå stor aktivitet på facebook og muligens får de besøk på døra av ivrige fotballspelarar som sel hendige små fyrstehjelps puter . Heilt perfekte til å ha liggande i bilen, på hytta eller heime. Innntektene går rett tilbake til spelarane sine lag som dei kan […]
21. oktober 2022

Tatovering med meining !

Mange av oss er så heldige at me anten er foreldre eller besteforldre til mange unge håpefulle som deltek i aktivitet i IL Jotun. Og dei fleste av oss kan heilt sikkert innrømme at det er lova både ei eller ti kroner pr antall scora mål. Men ikkje nok med […]
30. oktober 2022

Sigmund Øren til minne

arkivfoto: Sigmund Øren nr 2 frå venstre sitjande Sigmund Øren til minne. Det var med stor sorg Jotun fotball tok imot melding om at Sigmund Øren hadde sovna inn etter at han den siste tida var plaga av sjukdom. Sigmund har over 500 kampar i Jotun trøya. For dei som […]