13. oktober 2013

Klar siger mot Breimsbygda

Med sterke 4-1 på bortebane mot Breimsbygda har Jotun lagt eit godt grunnlag før heimekampen mot Førde 3 neste helg. Det var Jotun som kom best i gang og kontrollerte det meste av fyrste omgang. Likevel måtte dei raude og grøne ha hjelp for å gå opp i leiing. Ruben […]
19. oktober 2013

Jotun kretsmeisterar i 6. divisjon

Med ein solid 3-1 siger mot Førde 3 sikra Jotun sitt 6. divisjonslag seg KM-tittelen. Det var Jotun som kom best i gang på Jotun stadion kunstgras og kontrollerte det meste av banespelet. Likevel var det Førde 3 som gjekk opp i leiinga. Eit utspark frå Førdemålvakta gjekk heilt opp […]
28. april 2014

Bortepoeng i seriepremieren

Det vart ein tøff debut i seriepremieren 5. divisjon borte mot Syril. Heimelaget var totalt sett best, men Jotun var ikkje ufarlege på sine visittar i Syril sin målgård. Trenar John Valsvik var nøgd etter å teke med seg eit poeng heim frå Leikanger. – Me reiste til kampen med […]
6. mai 2014

Surt tap mot Førde 3

Ein begredeleg fyrstomgang øydela mykje mot Førde 3 på søndag. Bortelaget vann alt av duellar, og kunne gå til pause med ei leiing på 2 mål. I 2. omgang heva heimelaget seg betrakteleg og reduserte til 1-2 ved Faruk Yilmaz. Etter målet så pressa Jotun på for utlikning, men i staden […]
30. mai 2014

Damelaget godt i gang med sesongen

Jotun/ÅTIL stiller i år med eit damelag i 4. divisjon. Dette er eit 7ar lag som spelar i avdeling 1 saman med Balestrand, Lærdal, Hafslo og Sogndal 2. Hittil har laget spela 5 kampar som har enda med 2 sigrar og 3 knappe eitmålstap. Målet med damelaget er å gje […]
23. august 2014

Siger i fyrste haustkamp

Damelaget til Jotun/ÅTIL starta haustsesongen på best mogleg måte då dei møtte Balestrand borte fredag kveld. 4-0 til Jotun/ÅTIL var sluttresultatet, til pause stod det 2-0. Balestrand skapte mest dei fyrste minuttane av kampen, men forsvaret til Jotun/ÅTIL stod i mot presset og heldt buret reint. Utover omgangen fekk Jotun/ÅTIL […]
5. september 2014

Ny siger til damelaget

Jotun/ÅTIL sitt damelag tok i kveld turen til Lærdal for kamp i 4. divisjon 7ar. Kampane mellom desse laga har vanlegvis vore jamne, men i dag var Jotun/ÅTIL eit par hakk betre. Heilt frå start tok Jotun/ÅTIL kommandoen, og etter 6 minuttar sat den fyrste ballen i mål. Sigrid Rio […]
25. september 2014

Damelaget avslutta med siger

Balestrand var motstandar i den siste seriekampen for sesongen, og nok ein gong vart det siger til det unge Jotun/ÅTIL laget. Denne sigeren sikra og 2. plassen i 4. divisjon bak Sogndal 2. Heimelaget hadde god kontroll gjennom heile kampen, og kunne til slutt gå av bana med ein 6-3 […]